NORTH WIND/SOUTH SUN
Alternative power sources at different latitudes in Europe
Vi fekk i oppgåve og lage eit kraftverk dreve av vindkraft. I forkant av prosjektet såg vi ein film om ulike typar fornybar engeri, og vi var rundt på ulike kraftverk der dei nytta seg av denne typen engeri. Så skulle vi lage ei vindmølle med sykkeldymamo som generator. Med unntak av dette fekk vi frie tøylar til å konstruere mølla slik vi ville. Etter litt diskusjon og leiting i den norsk-ialtienske ordboka fekk vi laga ei enkel skisse som viste korleis vi ville ha det ferdige produktet. Gruppa vår valgte ei løysing med 4 vinger i aluminium på ein aksel med reimskive i enden. Denne akselen lagra vi opp med to brotja messingbitar med smørjeniplar og skrudde dei fast til eit stativ vi sveisa med eit MIG/MAG-apparat. Dynamoen vår var ikkje heilt i stand, og krevde unormal høgt turtal for å få pæra til å lyse. Dette i kombinasjon med eit skeivt reimhjul gjorde at vi brukte litt tid før vi fekk det til å fungere. På tross av litt småproblemer relatert til kommunikasjon under planlegginga og bygging av mølla, fungerte gruppa svært godt. Vi fordelte arbeidsoppgavene to og to og alle fekk tatt del i bygginga. Men sidan dei italienska studentane ikkje hadde så mykje erfaring innen mekanisk arbeid blei det til at den norske delen av gruppa utførte operasjoner som sveising, boring og dreiing. Det ferdige resultatet fungerte forholdsvis bra. Men det kunne blitt betraktig bedre dersom vi hadde hatt tid til å skifte dynamo og reimskive. Vi fikk likevel eit innblikk i kva som skal til for å bygge eit lite krafteverk og kor viktig del planlegging er i eit slikt prosjekt.
|
---|