NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

EnglishVASSMØLLE PROSJEKT-2


Daniel, Enrico, Susanne og Marco B.

• Oppgåva gjekk ut på å lage ei vassmølle av dei materiala vi fekk utdelt. Vassmølla skulle lage stor nok spenning til å få ei diode til å lyse. Vi vart delt inn i grupper på fire. Gruppa vår bestod av Daniel, Enrico, Susanne og Marco B.

• Ei vassmølle fungerar ved at vasskraft driv rundt eit turbin som igjen driv ein dynamo. Dynamoen omformar rørsleenergien til elektrisk kraft som kan brukast til lys, oppvarming og så vidare.

• Daniel teikna eit utkast til korleis han meinte vassmølla vår skulle sjå ut. Vi brukte delar frå ein gamal sykkel og nokre aluminiumsplater til å byggje mølla.

• Vi byrja med å skru sykkelen i frå kvarandre. Delane vi trong var hjulet, dynamoen og stengene til bakhjulet. Daniel sveisa eit vasshjul (turbin) av to runde plater med bøygde plater i mellom. Vi festa hjulet på stengene og sveisa dei fast på ei plate. På sykkelhjulet festa vi vasshjulet, slik at hjulet ville gå rundt når vi spruta vatn på. Vi festa dynamoen slik at den tok borti hjulet. Vi kopla leidningane frå dynamoen til ein diode som skulle lyse når hjulet gjekk rundt. Frå testinga av vassmølla.

vassmoelle

• Gruppa fungerte godt i lag, trass i litt språkvanskar. Daniel vart ein sjølvsagt leiar for gruppa sidan han hadde teikna vassmølla.

• Styrka med produktet var at vassmølla vart veldig solid. Svakheita var at hjulet nesten ikkje gikk rundt! Vi trur det vart for stor friksjon mellom hjulet og dynamoen. Vi fekk likevel sjå eit lysglimt i dioden som indikerte at det vart produsert straum.

vassmoelle