NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

Italiano HARAMSNYTT 15.10.04


COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND / SYNNASOL"

Sydlandsk bris i gangane
Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04.
Bilete og tekst ved Tina Mari Flem.

Mama mia! I gangane til Haram vidaregåande skule vandrar det i desse dagar 12 italienske studentar. Dei er på vitjing for å utveksle språk, kulturelle verdiar og jobbe med ei prosjektoppgåve om alternativ energi i Noreg og Italia. Og til våren, då er det 12 norske elevar sin tur til å reise til Italia.


For å verte betre kjende er dette ei av oppgåvene som dei norske og italienske studentane måtte samarbeide om.

Italienske takter på HVS
Dei skal få smake på eit lite stykke Noreg, dei 12 italienske studentane som no vandrar i gangane på Haram vidaregåande skule. Målet er å utveksle språk, kulturelle verdiar og jobbe med eit samarbeidsprosjekt om alternativ energi i Noreg og i Italia.
- Today is the day for a big "FEST", seier gjestande viserektor Rodolfo Malacrea, frå Udine i Nord-Italia.
Vi har like interesser og lik mål, og kan bugge vidare på denne felles plattforma, seier Jøstein Taftø, rektor ved HVS. Han ynskte dei italienske gjestane velkomne til Haram kommune og Haram vidaregåande skule tysdag. 12 elevar og to lærarar skal no tilbringe to veker her på desse kantar. I løpet av desse vekene skal dei bu hjå familiane til dei tolv norske studentane frå HVS, som på vårparten skal vitje Italia i same ærend.
Italienarane fekk og sjå ein flott presentasjon av Noreg av førsteklassingane (grk AF), som har valfaget Internasjonalisering. Dei portretterte lille Noreg og gav eit bilete av den politiske og geografiske situasjonen til fedrelandet under introduksjonen den første dagen. For å skape samhald mellom norske og italienske studentar avslutta grunnkurselevane med nokre praktiske utfordringar, som berre kunne løysast med godt samarbeid og fin kommunikasjon.


- Tunga rett i munnen -

Stramt program
Det er litt av eit program som er sett opp til gjestane frå sør. I løpet av desse vekene skal dei ha språkkurs, jobbe på prosjektet om alternativ energi, vitje Tafjord Kraft i Tafjord, vitje Hydro Sunndal på Sunndalsøra, vitje vindmøllene på Dyrnes på Smøla, sjå Molde-HamKam på Molde stadion, dra på fisketur, køyre Atlanterhavsvegen, vitje attraksjonar i Ålesund, vitje høgskulen i Ålesund, og meir til. Øystein Risan, som er prosjektleiar, har sett opp programmet
- Vi har fått midlane frå EU til dette prosjektet, som opnar for samarbeid og kjennskap til ein heilt annan kultur. I tillegg har vi vald å legge til ei oppgåve som handlar om alternativ energi, seier Risan.

Italienske vener
Det er viserektor Rodolfo Malacrea frå Instituto Industriale Arturo Malignani i Udine i Nord-Italia som har tatt med seg 12 av elevane sine til Brattvåg og HVS. Her skal dei jobbe med prosjektet "Nordens vind/Sydens sol - alternative kraftkjelder på ulike breiddegrader i Europa".
- Noreg har eit nydeleg landskap som eg berre har sett på bilete, seier viserektoren, som likte det han såg når han vakna opp etter si første natt i Brattvåg. - Dette prosjektet er ein utruleg flott muligheit for oss til å jobbe saman. Eg trur vi må bugge opp det nye Europa gjennom samarbeid og vennskap mellom ungdommane våre, seier Malacrea.
Og han var godt førebudd på at det kom til å verte litt kaldare her nord, enn heime. - Eit par dagar før vi skulle dra, kom det ein kald austavind heime og førebudde oss på kva vi hadde i møte, seier Malacrea og ler. Han fortalde at italienarane og har stor interesse for norsk litteratur og kultur, og at dette opphaldet kom til å styrke denne interessa.

Språket
I løpet av dette prosjektet er eit av måla at engelsk skal brukast som arbeidsspråk, i tillegg til at studentane lærar litt italiensk og norsk. Studentane vil få språkopplæring i kvarandre sitt morsmål.
-Er det ikkje vanskeleg å lære norsk då?
Det er ganske likt tysk, så det er ikkje så vanskeleg. men vi har problem med uttalen, seier Malacrea.
Denne språkbarrieren kom og fram då prosjektleiar Øystein Risan skulle introdusere seg. Det var ikkje heilt lett å uttale dette namnet som byrja med "ø".

Alternativ energi
Prosjektet om alternativ energi er viktig for italienarane.
- Vi har ikkje eit skikkeleg fag som dekker dette emnet på skulen vår, seier Malacrea. - Vi er i ferd med å introdusere eit slikt tilbod og treng derfor alle dei ideane og kunnskapen vi kan få, seier han. I løpet av besøket sitt her i Noreg kjem dei til å vitje både Hydro Sunndal, vindmølleparken på Smøla og Tafjord Kraft AS, og vil på denne måten få sjå korleis energilandet Noreg opererer.
- Det er heilt annleis her enn i Italia, dykk har overflod av både vatn, gass og olje, seier han. - I Italia må ein kjøpe mykje alternativ energi, derfor er det lærerikt for oss å sjå på løysingar de har her i Noreg, legg han til.

Slår av lyset
Artikkel frå Haramsnytt 15.10.04.
Bilete og tekst ved Tina Mari Flem.

Dei tolv norske studentane som skal til Italia neste vår, var imponerte over kor høflege og greie italienarane er å ha i hus. Men mest undra dei seg over respekten dei hadde for dyr straum. - Dei slår av lyset uansett kvar dei har vore, seier Ingebrikt Bjørkhaug.

- Han som bor hjå meg var så sjokkert over kor mykje straum vi nyttar. Han tykte det var rart vi hadde på både TVen og taklyset på same tid, seier Susanne Beate Klokk.
- Dei er berre utruleg høfleg, seier Susanne. - Og så har ei spesielt stor respekt for foreldra, legg Ingebrikt til. Ingebrikt fortalde om gåver som familien hans har fått i form av kake og brennevin. Brennevin som ein visstnok skulle helle over kaka. - Eg har ikkje smakr på kaka enno, seier Ingebrikt og smiler.

Prosjektet
- Ein lærer ein del om elektrisitet, om korleis vi må forandre fornyebare energi-kjelder, seier Susanne. Ho og resten av gjengen gler seg til å reise til Italia neste vår. Då er det dei som skal innlosjerast hjå italienske familiar.
- Det vert skikkeleg spanande å bu heime hjå dei, seier Susanne.

Kjempefornøgde
Italienarane likte det som møtte dei i Brattvåg, men kjempa hardt med norsken.
- Vi hadde ti timar med norsk heime før vi kom til Noreg. Vi hadde ei norsk dame som lærar, seier Fransesco Gerometta.
Kva for norske ord kan dykk?
Alle som står rundt bordet, hiv ut ord som dei har lært. - Tjuefire, tjuesju, god morgen, god kveld, tusen takk.
- Dette er ei utruleg flott erfaring for oss, vi er plasserte i koselege familiar og får verkeleg brukt engelsken vår, seier Alex Piccini.

Men det er ikkje berre språket gutane er opptatt av.
- Det er så mange pene jenter her på skulen, seier Francesco.
- Mange fleire blonde jenter enn det er heime, der det berre er jenter med brunt hår, skyt Piccini inn, og blunkar på ekte italiensk vis.

Til venstre Francesco Gerometta, som viser korleis han skal sjarmere norske jenter. Bak Alex Pccini.


Her ser du gjengen som på vårparten skal reise til italia. Dei lurar fælt på kva dei har i vente når ei reiser sørover ...

Tafjord
Gjengen i 3TAF, HVS.