NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

EnglishVINDMØLLE-PROSJEKT-3

Prosjektet vårt gjekk ut på å lage ei vindmølle. Vi fekk utdelt ei kasse med delar samt ein sykkel som vi kunne skrue frå kvarandre. Alle desse delane kunne brukast innanfor produksjonen av vindmølla. Målet var å få vindmølla til å produsere nok energi til at ei lyspære skulle lyse. Den produserte vindmølla skulle testast i naturell sunnmørs-vind.

For å gi ei enkel innføring i vindmølleprinsippet, kan eg forklare slik. Ei vindmølle omdannar vinden sine krefter til eit dreiemoment, som driv vindmølla sine rotorblad. Kor mykje energi som overførast til rotoren, avhenger av luftens massetettleik, rotorarealet og vindhastigheten.

Etter at vi fekk ei enkel innføring i prinsippet med vindmøller, skulle vi byrje å samle saman delar som vi kunne bruke. Vi sanka saman eit sykkelhjul, ein sykkeldynamo, pleksiglas, leidningar og ei lyspære. Sykkelhjulet blei sveisa fast på ei lang stang. Denne stanga var igjen sveisa fast i eit stort fundament. Dette fundamentet skulle gjer at vindmølla vår ikkje velta i vinden. Då vi var ferdig med all monteringa av godset, skulle vi kople saman alle leidningane til lyspæra og til dynamoen.

For at heile vindmølle produksjonen skulle gi best mogleg resultat, måtte vi tenkje ut ein plan. Vi teikna ei skisse over korleis vi skulle ha det og byrja prosessen. Alle på gruppa delte oppgåvene. Nokre byrja med å kappe pleksiglaset i like lange bitar. Desse bitane skulle bli vingane til vindmølla. Dei to andre på gruppa byrja med det andre som mtte gjeras. Litt sveising og små pjask. Det at alle dreiv med forskjellige ting, gjorde at vi ikkje fekk dårleg tid. Vi kappa alt ferdig og sveisa fundament før byrja med noko samansetjing. Alt som skulle setjast saman måtte passe bra, utan det ville ikkje vindmølla fungere skikkeleg. Leidningar og festing av dynmoen var det store problemet vårt. Etter at vi hadde montert heile vindmølla klarte vi ikkje å feste dynamoen. Det endte med at vi måtte bruke litt tråd og teip. Kanskje det ikkje såg heilt bra ut, men det fungerte meget bra.

Gruppa vår bestod av Cecare Facini, Franceco Pascolini, Eirik Fylling og Silje Seth Hildrestrand. Arbeidet på gruppa gjekk eigentleg ganske bra om ein tenker på forholda. Det kunne til tider vere vanskeleg med språket. Vi kunne ikkje italiensk og dei kunne ikkje norsk. Engelsken kunne ha vore betre, men vi klarte til slutt å gjere oss forstått. Det som blei lagt mest vekt på i gruppa vår, var ikkje nødvendig vis å vinne. Vi såg ganske fort at ei av dei andre gruppene var over vårt nivå. Difor konsentrenerte vi oss mest om å bli ferdig, og at vindmølla skulle fungere. Under produksjonen blei nokre veldig ivrige og det satte ein liten stopper for deltakinga til et par personar i gruppa vår. Det viktigaste er vertfall at vindmølla blei ferdig og at vi hadde det kjekt.

vindmoelle

vindmoelle

 

Då alle hadde laga ferdig si vindmølle, skulle dei testast. Test dagen blei utsett ein periode på grunn av lite vind, men då vinden først kom, kom den kraftig. Sidan gruppa vår hadde tenkt på at vindmølla ikkje skulle vere så tung, gjekk det gale. Vi hadde brukt mykje pleksiglas. Dei knakk rett av i dei kraftige vindkasta. Utanom det fungerte vindmølla veldig bra. Den produserte straum slik at lyspæra lyste, berre synd at vi ikkje hadde brukt sterkt nok materiale. Då kunne vindmølla vår vore heilt oppe i teten. Den hadde både fin utsjånad og var praktisk.

vindmoelle