NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

EnglishVINDMØLLE-PROSJEKT-2

Gruppe 5.

Beskriving av oppgåva:
Oppgåva gjekk ut på å bygge ei vindmølle, som skulle produsere elektrisk energi. Den elektriske energien skulle brukast til å få ei lyspære eller lysdiode til å lyse. Vi fekk forskjellig materiale og verktøy til disposisjon, og så var det berre å la fantasien få fritt spelerom. Einaste kravet som vart stilt var at vi skulle bruke ein sykkeldynamo for å overføre den elektriske energien til lyspæra. Målet var da å få pæra til å lyse.

Prinsippet for vindmøller:
Vi har ein form for propell som blir driven rundt av vinden. Den mekaniske energien frå propellen blir ved hjelp av ein dynamo eller generator omforma til elektrisk energi. Den elektriske energien kan vi bruke til å drive elektriske apparat.

vindmoelleOm gruppa:
Gruppa bestod av fire elevar, to norske og to italienske. I byrjinga gjekk kommunikasjonen mellom dei norske og dei italienske litt tregt. Den eine italienaren var litt dårleg i engelsk, så den andre var tolk og oversatt det vi sa på engelsk. Etter kvart som tida gjekk vart kommunikasjonen betre. Ved hjelp av kroppsspråk, lydar og gebrokken engelsk greidde vi å få forklart det meste. Viss vi ikkje greidde det var det berre å dra fram lomme parløren. Mot slutten av prosjektet virka det som om engelsken til italienarane var blitt betre, og engelsken til dei norske var blitt mykje dårlegare. Dei norske tilpassa seg dei italienske elevane og prata gebrokken engelsk til dei for å få dei til å forstå.
Samarbeidet innanfor gruppa gjekk elles ganske greitt. Det var nokre små usemjer og småkranglar. Men det er vel slik ein må rekne med når du har fire personar med eigen meiningar, som helst vil gjere ting på sin eigen måte.

vindmoelleKva som blei gjort:
Det første vi gjorde var å demontere ein framgaffel på ein sykkel. Så begynte vi på fundamentet, som var ein stor bit av eit firkantrøyr av stål. Vi sveiste på eit røyr på fundamentet, og sveiste deretter sykkelhjulet fast nedi røret på fundamentet.

Vi brukte pleksiglas, som vi monterte fast på eikene, for å overføre vindkrafta til rørsle, for å få hjulet til å gå rundt.
Til slutt monterte vi dynamoen på gaffelen til sykkelhjulet.

Ideen om ein rotor, for at hjulet skulle justere seg etter kvar vinden kom i frå, vart lagt på is på grunn av tidsproblem. Løysinga vart at vi berre sveiste fast lageret som gjer at sykkelhjulet kan snurre rundt.

Korleis det blei gjort:
Når vi skulle kappe av framhjulet på sykkelen brukte vi rett og slett berre ein vinkelslipar med kappskive, og kutta det av litt nedanfor styret. Vi sat da igjen med ei stang som gjekk gjennom eit par lager før så gaffelen var festa i hjulet. Vi kappa av den eine sida av gaffelen, også med vinkelslipar, for å få betre plass til pleksiglasa som skulle festas på hjulet litt seinare.

Som nemnt, så brukte vi ein stor bit av eit firkantrøyr til fundament. Vi brukte eit MIG/MAG sveiseapparat for å sveise på ein røyr bit midt oppe på fundamentet. Vi stakk så sykkelhjulet nedi røyret, og sveiste så fast stanga på hjulet i røyret.

For å få sykkelhjulet til å utnytte vinden så brukte vi pleksiglas festa til eikene. Vi kappet pleksiglaset i passande store firkantar, før vi prøvde å feste dei. Problemet var at der var for mange eiker, så vi kutta vekk nokre av dei for å få plass til pleksiglaset. Det enda med at vi kutta vekk for mange eiker slik at hjulet blei ustødig og vi måtte få tak i eit nytt hjul. For å feste pleksiglaset så bora vi hol i dei og festa dei med strips til hjulet. vindmoelle

Til slutt for å feste dynamoen, så kappa vi ein liten bit med flattjern, bora eit hol, og skrudde dynamoen fast i flattjernet. Vi sveisa så dette fast i den eine gaffelen, med dynamoen lagt på press mot hjulet. Leidningar, lysdiode og kondensator var allereie ordna av Torbjørn.

Resultatet når vi snurra på hjulet/sette vind på, var at lysdioden byrja å blinke aktivt.

Styrker/svakheitar med produktet:
Styrken med produktet vårt må vel vere effektiviteten på dynamoen. Berre så vidt snurring på sykkelhjulet førte til intens blinking på lysdioden. Så berre vi fekk snurra hjulet rundt, så hadde vi mykje lys. Dessverre så var det også eit av problema; å få snurra rundt på hjulet, dette på grunn av to ting. Vi hadde festa dynamoen med for stort press på hjulet, slik at det vart så mykje friksjon. Dermed trong vindmølla veldig sterk vind for å få hjulet til å gå rundt. Og da kjem vi til det andre problemet. Pleksiglasa var ikkje konstruert/planlagt godt nok, så vi fekk ikkje utnytta vinden heilt godt, men det var vel eigentlig OK nok.

Testresultat:
Vi har ikkje fått tilgang til testresultata, så det einaste vi veit frå testinga var at fundamentet vårt var ikkje stødig nok, slik at vindmølla vår fall over ende når det vart for mykje vind. Men var det først nok vind til å drive hjulet rundt, og fundamentet stod oppreist, så var vindmølla effektiv.

vindmoelle vindmoelle