NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

TUR TIL ÅLESUND

20.10.04
23.10.04
Laurdag 23.10 var det klart for å besøke Ålesund, som ein avslutning på Noregs-opphaldet til våre italienske venar.
Alle reiste i samla tropp med bussen til byen, laurdag føremiddag. Første stopp var Høgskulen i Ålesund (HiÅ). Omvisinga der fall godt ut, særleg besøket i simulatoren!

Ålesund
"Løvsøybrua i sikte! "

Sånn kan ho eventuelt bli sjåande ut for båtførarar i framtida.
(Brua eksisterer ikkje på noverande tidspunkt).

ÅlesundÅlesund

Ålesund
Etterpå sto Fjellstua, på toppen av Aksla for tur.
Utsynet over Moldefjorden og Sunnmørsalpane var flott, syntest italienarane for ei veke sidan, men dette var enda meir eksotisk! Ålesund var pittoresk i haustsola, og utsikta fantastisk.

Ålesund
Ålesund,
sett frå Fjellstua, Aksla.
Ålesund
Caterina Gasparini, Alessandro Paganin og Terje Pettersen.
Ålesund
- Valderøya -
Ein sprudlande gjeng
- Ein sprudlande gjeng -

Det var og planlegt eit besøk til Atlanterhavsparken, men dette måtte vi nok stå over - bokstaveleg tala - da bussen nekta å køyre inn på bensinstasjonen ...
Ungdommane fikk fritt leide, og koste seg i Ålesund på ungdommar sitt vis. Den vaksne delen av flokken hadde og ein fin dag i byen. Dei rapporterte om god mat i trivelege omgjevnader. Nok ein fin dag.