NORTH WIND/SOUTH SUN 
Alternative power sources at different latitudes in Europe

English EKSKURSJON TIL TAFJORD KRAFT


Torsdag 14. oktober var det dagsutflukt for dei besøkande. Då reiste dei 12 elevane våre frå klasse 3TAF saman med 14 italienarar til Tafjorden. Der skulle dei studere korleis vatn vert nytta ut til kraftproduksjon.
I starten fekk vi grundig omvising på Tafjord Kraft sitt museum. Der vart alle sett inn i prinsippet for kraftproduksjon, og i tillegg fekk vi sjå nærare på den første kraftstasjonen.

Tafjord
Utanfor Tafjord Kraft Museum.
Tafjord
Inne var det mykje interessant å sjå.
Elevane fekk godt innblikk i korleis drifta var før ved kraftverket.
Tafjord

Zakarisdammen.
Etterpå gjekk turen til Zakarisdammen.

Tafjord
Vassreservoaret var det lite å seie på i år, sjølv om vi som forbrukarar gjerne såg at det var heilt fylt til randen.
Tafjord
Våre italienske venar ignorerte haust-trekken, og koste seg i finveret, mens kamera etter kamera samla opp nye inntrykk.
Tafjord
Og "suget" ein får når ein kikar utføre kan ein nesten røyne via eit bilete.
Tafjord
---- ---- ----
Tafjord
- Vind i hår og sol på kinn -
Tafjord
Så var det berre å trekkje seg tilbake til bussen.

Lunsj.

Tafjord
Tradisjonell kost for besøkande vart servert heile flokken nede i Tafjord. Det gjorde godt å slappe av litt.

Etter ein god lunch var tida inne for å sjå nærare på K2 – ein kraftstasjon inne i fjellet. Der fekk alle forklart korleis moderne kraftproduksjon går føre seg i dag.

Tafjord Kraft sine anlegg i Tafjorden står for om lag 2% av kraftproduksjonen i Noreg. Dei ulik stasjonane kan overvåkast og styrast sentralt ved hjelp av datamasinar. Produksjonen er såleis ikkje avhengig av at folk er til stades på dei ulike lokalitetane.

Ekskursjonen til Tafjorden fekk klart fram prinsippet for korleis ein omformar energi frå vatn til elektrisk kraft, og på denne måten vart opphaldet ei fin oppleving for å visualisere tanken bak prosjektet ”North Wind – South Sun”.

Vegen heim
Som avslutning på dagen vart det lagt inn bowling og pizza på vegen heim. Ei livleg avslutning på ein lang, men lærerik dag.

Bowling
Avslapping for leiargruppa.
F.v: Lektor Terje Pettersen (HVS), Vice Principal Rodolfo Malacrea og ENIS-koordinator Caterina Gasparini.
Bowling

Bowling er ein sikker vinnar! Sosialt og artig for deltakarar og tilskodarar.
Bowling
- I grunn er alt spel artig -
Her er prosjektleiar og faglærar Øystein Risan (HVS) i hard konkurranse med ein av dei italienske studentane.
<Bowling
- Pizza er godt -
Bowling
To nøgde HVS-elevar.

Bowling
Soialt fellesskap er viktig. Vi håper alle hadde ein flott dag og ein hyggeleg kveld.