I EKSKURSJON TIL SMØLA
17. - 19.10.04
Prosjektet "NORDAVIND / SYNNASOL" har fokus på alternative energi-kjelder. Etter å ha besøkt Tafjord (vasskraft) tidlegare i veka, var det naturleg å sjå nærare på vindkraft. Turen gikk til Smøla og vindmølle-parken der.
Det var lagt opp til ein 3-dagars tur med bedriftsbesøk og andre opplevingar. På vegen fekk alle sjå eit lite stykke Noreg, som presenterte seg sjølv på sin eigen sjarmerande måte - eit fargerikt haustlandskap som glitra i solskinet.
Turen starta søndag ettermiddag med fotballkamp på Molde stadion (der Molde spilte uavgjort mot HamKam).
Varden i Molde. |
God utsikt mot Sunnmøre!
- og Moldeholmane - |
Varden.
- Vi hadde eit utruleg fint ver heile tida. - |
Frå Varden. |
China House i Molde. |
Fotballkamp!
Molde - HamKam på Molde stadion 12.10.04. |
Fasinerande kulisser! |
Italienske, moderate Molde-supporterar ... |
Etter kampen gikk turen vidare til Øksendal for overnatting. Neste dag vart vi tatt vel i mot på Hydro Aluminium, Sunndal. Omvisninga i anlegget der var spennande, og det var mykje nytt å suge til seg for både italienarar og nordmenn!
For meir informasjon om Hydro og Hydro Aluminium, Sunndal (inkl. bilete):
- Hydro
- Hydro Aluminium, Sunndal - bildearkiv
Smøla
Etter ein lang dag var det godt å kome til Dyrnes på Smøla.
|
Denne karen er MFK-supporter!
|
Oppstemt etter 0 - 0 mot HamKam
er (Molde-fødte) Øystein klar til å fordele alle på romma for kvelden
- mange timar etter kampen ...
Her overnatta nokre av oss denne natta, mens andre var innlosjerte på tilsvarande husrom i vågen.
|
Dyrnesvågen |
- Kveldsstemning -
- - - |
Kveldsmat på Kroa. |
Neste dag (3. dag) var det tidleg på'n igjen.
Vi var framme ved målet; vindmølleparken på Smøla!
- Smøla vindmøllepark - |
- Fasinerande - |
- Ein spennande kontrast - |
- Vakkert! - |
Ferjekaia på Smøla.
Gjengen er klar for returen. |
Vegen heim til Brattvåg gikk ytre kystveg.
Første stopp etter Kristiansund, var på Bud, der alle fikk servert fiskesuppe, naturleg nok. Etterpå tok alle seg ein tur opp til Engan Fort.
Neste stopp: Atlanterhavsvegen.
Igjen vart alle slått av den fantastiske naturen. Det heile var eit fantastisk skue, og inntrykket særs eksotisk for nord-italienarane.
- Atlanterhavsvegen - |
Etter ein lang busstur var det godt å sprette litt omkring ... |
Sollyset vart etterkvart meir dempa, bussen fylte seg opp for siste gong på denne turen. Det skulle bli godt å kome heim.
|